Nettside, Google-profil, logo og reklame for lokale bedrifter i Sogn. Du driv bedrifta. Eg sørgjer for at folk finn den.
Når dagane går til kundar og oppdrag, blir nettside og sosiale medium prioritert ned. Det tek tid når du skal gjere alt sjølv, og det er vanskeleg å vite kvar ein skal byrje.
Det er det eg hjelper med. Du fortel kva du driv med, så tek eg meg av det digitale.
Eg heiter Brage Norberg og bur i Jostedalen. Eg hjelper lokale bedrifter med nettside, nettbutikk, logo og reklame på sosiale medium. Maskinfirma, campingplassar, arrangement og andre som er gode på det dei gjer, men treng hjelp til å bli sett.
Du har éin person å snakke med, som kjenner bedrifta di. Ikkje eit kundesenter, ingen byråpris og ingen månader med venting.
Nettsider og nettbutikk for lokale bedrifter.


Førstehjelpskurs for bedrifter, skular og lag. Ove kjem dit kunden er og held kurset hos dei. Nettside som viser kva han tilbyr, med enkel bestilling.
Les meir →

Maskinentreprenør i Asker. Nettside for graving, transport og utleie, med prosjektgalleri og enkel kontakt.
Les meir →

Anleggsfirma på Kaupanger. Nettside for graving, grunnarbeid, natursteinsmur og VA, laga for å gi fleire førespurnader frå lokale kundar.
Les meir →

Heimeside for countryartisten Havnen, med songar, booking og eigen merch-butikk med t-skjorter og hettegensarar.
Les meir →

Campingplass i Breheimen nasjonalpark med booking, fleirspråkleg nettside og full digital synlegheit for ein av Jostedalen sine mest besøkte overnattingsstader.
Les meir →

Kulturarv-nettside som dokumenterer skathellekasting, ein tradisjonell steinkastesport frå Jostedalen.
Les meir →Folk vel den dei stolar på. Og dei bestemmer seg på Google.
Er du ny på ein stad og treng ein røyrleggar, googlar du. Du ringer den med ei ryddig nettside og gode omtalar, ikkje den du ikkje finn noko om. I dag spør mange ein AI-assistent i staden. Eg byggjer sidene så både Google og AI-en finn og tilrår bedrifta di. Kva er SEO og AEO?
Du vel kva du treng. Eg gjer jobben.
Eg likar å bli ferdig. Du ventar ikkje i vekevis.
Send ein SMS eller ring. Me finn ut kva du treng, anten det er nettside, logo, Google-profil eller reklame.
Du ser eit forslag innan få dagar. Har du Facebook eller Instagram, hentar eg bilete og info derifrå.
Du seier kva som skal endrast. Nettside og logo betalar du først når du er nøgd.
Eg legg det ut og følgjer med: drift, små endringar og annonsar, så lenge du vil.
Alt kan gjerast på SMS. Send ein melding med litt om bedrifta, så finn me ut av resten. Vil du heller prate, tek me ein telefon eller eit møte på Google Meet eller Teams.